Holder de ord legges ned i løpet av 2020.

Om endringar i odelslova I I lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten skal det gjerast følgjande endringar:Tittelsen på lova skal lyde:Lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten (odelslova) § 8 første ledd første punktum skal lyde.

Forslaget ble vedtatt 6. juni 2013 18:31

Medium_59188f54e1a4771762cb915a3c0adcd3 Medium_7da7f9f6286d579fc2c47d0588c2989d Medium_e0c367c8547faeaf1a761be938a68dcc Medium_218950e7a78ccd36ed619a867eda66e6

stemte for

Medium_a141f04407e40164068cc16f570d809d Medium_364a16a079e08496a18097c03af8d177 Medium_44d3792bbf4e251f74ba35a5c43fe979

stemte mot

Råtekst fra Stortinget

om endringar i odelslova

I

I lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten skal det gjerast følgjande endringar:Tittelsen på lova skal lyde:Lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten (odelslova)

§ 8 første ledd første punktum skal lyde:

Utanom odlaren får også etterkomarane hans odelsrett dersom nokon av foreldra har ått heile eigedomen med odel, eller nokon av besteforeldra er siste eigar av heile eigedomen med odel.

§ 16 fjerde ledd skal lyde:

Jord som blir lagt til ein eigedom som tilleggsjord, går inn under odel eller odling på den eigedomen jorda blir lagt til når departementet har godkjent kjøpet av di kjøparen bør få tilleggsjord. For odelsjord må i tillegg foreldingstida vere ute.

§ 31 blir oppheva.

§ 33 første og andre ledd skal lyde:

Før det blir tatt avgjerd om odelsfrigjering etter §§ 30 eller 32, skal odelsretthavarane så langt det lar seg gjere, gjevast høve til å uttale seg om spørsmålet innan ein frist på ein månad. Overfor den som det er vanskeleg å gi individuelt varsel, er det nok med kunngjering i Norsk Lysingsblad og i ei avis som er ålment lesen på staden.

Når det er tatt steg til odelsfrigjering etter §§ 30 eller 32, skal odelsløysingssak som er eller blir reist, stoggast til spørsmålet om odelsfrigjering er avgjort.

II

  • 1. Lova gjeld frå den tida Kongen bestemmer. Kongen kan bestemme at dei enkelte føresegnene skal gjelde frå forskjellig tid.

  • 2. Endringane i § 8 får ingen verknad for tilhøve der det etter tidlegare gjeldande reglar har vorte høve til å bruke odelsrett når lova her tek til å gjelde.

  • 3. I tilfelle der nokon som har ein aktuell odelsløysingsrett når lova her tek til å gjelde, går til løysingssak, gjeld likevel § 31. For behandlinga av slike saker gjeld § 33.