Holder de ord legges ned i løpet av 2020.

Stortinget samtykkjer i at.

Forslaget ble vedtatt 15. juni 2010 13:36

Medium_59188f54e1a4771762cb915a3c0adcd3 Medium_a141f04407e40164068cc16f570d809d Medium_364a16a079e08496a18097c03af8d177 Medium_44d3792bbf4e251f74ba35a5c43fe979 Medium_7da7f9f6286d579fc2c47d0588c2989d Medium_e0c367c8547faeaf1a761be938a68dcc Medium_218950e7a78ccd36ed619a867eda66e6

enstemmig vedtatt

Råtekst fra Stortinget

Stortinget samtykkjer i at:

1.   Bompengeselskapet får løyve til å krevja inn bompengar til delvis bompengefinansiering av utbygging av fylkesveg 45 i Gjesdal og Sirdal kommunar etter vilkåra i Prop. 127 S (2009-2010) og Innst. 328 S (2009-2010). Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsetja nærare reglar for finansieringsordninga.

2.   Nytt Autosys blir gjennomført innafor ei kostnadsramme på 700 mill. 2009-kroner.

3.   Prosjektet Fv 64 Atlanterhavstunnelen får ei revidert kostnadsramme på 900 mill. kroner.

4.   Samferdselsdepartementet får fullmakt til å pådra staten forpliktingar knytt til gjennomføringa av investeringsprosjektet dobbeltspor Holm-Holmestrand-Nykirke med dei føresetnader som er omtalt i Prop. 127 S (2009-2010) og Innst. 328 S (2009-2010), innafor ei kostnadsramme på 5 720 mill. kroner.

5.   Samferdselsdepartementet får fullmakt til å pådra staten forpliktingar knytt til gjennomføring av investeringsprosjektet Vålåsjø kryssingsspor, som omtalt i Prop. 127 S (2009-2010) og Innst. 328 S (2009-2010), innafor ei kostnadsramme på 120 mill. kroner.

6.   Samferdselsdepartementet får fullmakt til å pådra staten forpliktingar knytt til gjennomføring av investeringsprosjektet Bodø godsterminal, som omtalt i Prop. 127 S (2009-2010) og Innst. 328 S (2009-2010), innafor ei kostnadsramme på 132 mill. kroner.

 

Relaterte dokumenter