Du besøker nå de gamle nettsidene våre. Se våre nye sider her.

Komiteen hadde innstilt til Stortinget å gjøre slikt vedtak til lov  om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram I I lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram blir det gjort følgjande endringar.

Forslaget ble vedtatt 8. juni 2010 13:31

Medium_59188f54e1a4771762cb915a3c0adcd3 Medium_a141f04407e40164068cc16f570d809d Medium_364a16a079e08496a18097c03af8d177 Medium_44d3792bbf4e251f74ba35a5c43fe979 Medium_7da7f9f6286d579fc2c47d0588c2989d Medium_e0c367c8547faeaf1a761be938a68dcc Medium_218950e7a78ccd36ed619a867eda66e6

enstemmig vedtatt

Råtekst fra Stortinget

Komiteen hadde innstilt til Stortinget å gjøre slikt vedtak til

lov 

om endringar i lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram

I

I lov 15. mai 1987 nr. 21 om film og videogram blir det gjort følgjande endringar:

§ 2 første ledd skal lyde:

Framsyning av film eller videogram i næring må ikkje skje utan løyve frå kommunestyret eller den kommunestyret har gitt fullmakt.

§ 2 andre ledd andre punktum skal lyde:

Løyvet kan nektast eller trekkjast attende dersom løyvehavaren bryt reglar i denne lova eller i forskrifter til denne lova, straffelova §§ 204, 204 a eller 382 eller bryt vilkår som er sette ved tildeling av løyvet.

§ 2 femte ledd blir oppheva. Noverande sjette ledd blir nytt femte ledd.

§ 4 tredje ledd skal lyde:

Medietilsynet må ikkje godkjenne for framsyning i næring bilete som tilsynet meiner strir mot § 13a eller straffelova §§ 204 a eller 382.

§ 7 andre ledd tredje og fjerde punktum skal lyde:

Eit videogram som Medietilsynet meiner er i strid med reglane i straffelova §§ 204, 204 a eller 382 kan ikkje registrerast. Det same gjeld videogram som er funne rettsstridig ved dom, vedteke førelegg eller som etter avgjerd av påtalemakta eller tingretten skal inndragast eller sperrast fordi det er eller kan vere i strid med reglane i straffelova §§ 204, 204 a eller 382.

Ny § 9 skal lyde:

§ 9 Aldersgrenser ved omsetning av videogram

Det kan ikkje omsetjast videogram til personar som er yngre enn den aldersgrensa som er sett av distributøren.

Ved omsetning av videogram over disk skal den som omset videogram til kunden, ha fylt 18 år.

§ 14 første ledd første punktum skal lyde:

Ansvarleg leiar for eit distributørfirma kan straffast med bot eller fengsel opptil tre månader om han i næring omset videogram som han kunne straffast for etter §§ 204, 204 a eller 382 i straffelova om han hadde kjent til innhaldet.

§ 15 første ledd skal lyde:

Den som driv omsetning av film eller videogram som er sperra eller inndrege som stridande mot §§ 204, 204 a eller 382 i straffelova for mindre enn 15 år sidan, kan straffast med bot eller fengsel opptil tre månader. Medverknad blir ikkje straffa.

§ 16 første ledd skal lyde:

Ein film eller eit videogram som heilt eller delvis er i strid med §§ 204, 204 a eller 382 i straffelova, kan ved dom inndragast utan omsyn til om nokon kan straffast.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Relaterte dokumenter