Du besøker nå de gamle nettsidene våre. Se våre nye sider her.

B. Vedtak til lovom endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane I I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endringer

Forslaget ble vedtatt 28. november 2012 00:43

Medium_59188f54e1a4771762cb915a3c0adcd3 Medium_364a16a079e08496a18097c03af8d177 Medium_44d3792bbf4e251f74ba35a5c43fe979 Medium_7da7f9f6286d579fc2c47d0588c2989d Medium_e0c367c8547faeaf1a761be938a68dcc Medium_218950e7a78ccd36ed619a867eda66e6

stemte for

Medium_a141f04407e40164068cc16f570d809d

stemte mot

Råtekst fra Stortinget

B.

Vedtak til lovom endringer i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

I

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endringer:

§ 5 første ledd bokstav a fjerde strekpunkt skal lyde:

eigedomen vert nytta av Forsvaret til forsvarsanlegg, avgrensa leirområde eller militært øvingsområde

§ 5 ny bokstav j og ny bostav k skal lyde:

j) Område som er vedteke verna som nasjonalpark eller naturreservat i medhald av lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven). Fritaket gjeld også for område verna som nasjonalpark eller naturreservat etter den tidlegare lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern. Fritaket gjeld ikkje bygning med tomt og tomteareal, jamvel om arealet ikkje er utbygd enno.

k) Lavproduktiv grunneigedom som staten eig direkte eller indirekte, så langt den tener ålmennyttige føremål. Fritaket gjeld ikkje bygning med tomt og tomteareal, jamvel om arealet ikkje er utbygd enno.

§ 8 A overskriften skal lyde:

§ 8 A. Allmenne føresegner

§ 9 siste punktum skal lyde:

Føresegnene i § 8 B-1, andre leden, gjeld på tilsvarande måte.

§ 15 første ledd skal lyde:

Eigedomsskattekontoret fører ei eigedomsskatteliste (hovudliste) der alle skattlagde faste eigedomar i kommunen vert førde opp, og like eins verdet deira. I lista skal og stå kva for skattesatsar som er nytta og kor stor den utskrivne skatten for kvar eigedom er. I ei tilleggsliste skal dei eigedomane førast opp som er fritekne for eigedomsskatt. Eigedom med både skattlagd del og friteken del førast med kvar sin respektive del i dei to listene.

II

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endringer:

§ 8 A-1 nytt tredje ledd skal lyde:

(3) Første ledd gjeld ikkje bustader som vert verdsette etter reglane i § 8 C.

Ny § 8 C overskriften skal lyde:

§ 8 C. Alternativ verdsetjing av bustader

Ny § 8 C-1 skal lyde:

§ 8 C-1. Verdsetjing av bustader ved bruk av formuesgrunnlag

(1) Kommunestyret avgjer om eigedomsskatten for bustader skal byggje på verdet (taksten) som vert sett på eigedomen ved likninga året før skatteåret. Skattegrunnlaget for slike bustader skal reknast ut etter reglane i denne paragraf.

(2) Skattegrunnlaget for bustader vert sett til verdet (taksten) etter skatteloven § 4-10 andre ledd multiplisert med 0,67. Prosentdelen som nemnd i skatteloven § 4-10 andre ledd tredje punktum skal likevel vere 100 for primærbustad og sekundærbustad.

(3) Er verdet (taksten) for bustader sett ned ved likninga etter skatteloven § 4-10 første ledd andre eller tredje punktum, utgjer skattegrunnlaget det justerte verdet multiplisert med 2,23 for primærbustad og 1,11 for sekundærbustad.

(4) Skattegrunnlaget som nemnd i andre og tredje ledd skal setjast ned med reduksjonsfaktoren som er nytta ved taksering etter § 8 A-3, jf. § 8 A-2.

(5) Nærare reglar om utfylling og gjennomføring av denne paragrafen vert fastsett av departementet i forskrift.

§ 19 annet ledd skal lyde:

For anlegg for produksjon av elektrisk kraft og bustader som vert verdsette etter § 8 C, kan klaga ikkje gjelda det verdet som er sett på eigedomen ved likninga, jf. likningslova § 9-4.

III

I lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane gjøres følgende endringer:

§ 8 C-1 andre og tredje ledd skal lyde:

(2) Skattegrunnlaget for bustader vert sett til verdet (taksten) etter skatteloven § 4-10 andre ledd multiplisert med 0,8. Prosentdelen som nemnd i skatteloven § 4-10 andre ledd tredje punktum, skal likevel vere 100 for primærbustad og sekundærbustad.

(3) Er verdet (taksten) for bustader sett ned ved likninga etter skatteloven § 4-10 første ledd andre eller tredje punktum, utgjer skattegrunnlaget det justerte verdet multiplisert med 2,67 for primærbustad og 1,33 for sekundærbustad.

IV

Endringene under I trer i kraft straks med virkning fra og med skatteåret 2013.

Endringene under II trer i kraft straks med virkning fra og med skatteåret 2014.

Endringene under III trer i kraft straks med virkning fra og med skatteåret 2015.

Relaterte forslag