Du besøker nå de gamle nettsidene våre. Se våre nye sider her.

Om endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m.

Forslaget ble vedtatt 4. juni 2019 20:07

Medium_a141f04407e40164068cc16f570d809d Medium_364a16a079e08496a18097c03af8d177 Medium_44d3792bbf4e251f74ba35a5c43fe979 Medium_218950e7a78ccd36ed619a867eda66e6

stemte for

Medium_59188f54e1a4771762cb915a3c0adcd3 Medium_5fc0e81a20ea71bde9b6252cb47fa8b3 Medium_7da7f9f6286d579fc2c47d0588c2989d Medium_e0c367c8547faeaf1a761be938a68dcc

stemte mot

Medium_6e29b5725c792b979baba826b024ee7b Medium_9626285b816fb251aba72c2dceff27d5

ikke til stede

Råtekst fra Stortinget

om endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (plikt til å tilby skoletur med overnatting, skolebyte for elevar i vidaregåande opplæring, opplæring i kvensk, samansetjing av yrkesopplæringsnemnder, politiattest i vidaregåande skole m.m.)

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir desse endringane gjorde:

§ 2-7 overskrifta og første ledd skal lyde:
§ 2-7 Kvensk- eller finskopplæring for elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn

Når minst tre elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark krev det, har elevane rett til opplæring i kvensk eller finsk. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrifter etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv om dei vil ha slik opplæring.

§ 2-12 tredje ledd skal lyde:

For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-11, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, 9-7, kapittel 9 A, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-5, 13-7a, 13-10, 14-1, 14-4, 15-3 og 15-4.

§ 4-5 tredje ledd første punktum skal lyde:

Lærlingar og praksisbrevkandidatar som har fylt 21 år og som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt med full opplæring i bedrift, jf. § 3-3 fjerde leddet, skal ha ei prøvetid på seks månader.

§ 8-1 fjerde ledd blir oppheva.
§ 9 A-6 fjerde ledd tredje punktum skal lyde:

Fylkesmannen kan vedta reaksjonar etter skolen sitt ordensreglement, jf. § 9 A-10, eller at ein elev skal byte skole, jf. § 9 A-12.

Ny § 9 A-12 skal lyde:
§ 9 A-12 Skolebyte

Ein elev i grunnskolen kan flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven elles har rett til å gå på, dersom oppførselen til eleven i alvorleg grad går ut over tryggleiken eller læringa til ein eller fleire medelevar. Skolebyte skal likevel ikkje skje dersom mindre inngripande tiltak vil kunne avhjelpe situasjonen. Grunnen til at ein elev kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar.

Om vilkåra i første ledd er oppfylte, kan ein elev i vidaregåande opplæring flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven er teken inn på. Eleven har rett til å halde fram på same utdanningsprogram og programområde.

Skolebyte etter første og andre ledd skal ikkje skje dersom eleven må flytte ut av heimen, eller om dagleg skyss ikkje er forsvarleg.

Kommunen gjer vedtak for elevar i grunnskolen. Fylkeskommunen gjer vedtak for elevar i vidaregåande opplæring.

Før det blir gjort vedtak om skolebyte, skal den som gjer vedtak, rådføre seg med rektor og lærarane til eleven og sørgje for at eleven blir høyrd.

Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i vurderingane etter første og andre ledd og i saksbehandlinga.

Noverande §§ 9 A-12 til 9 A-15 blir §§ 9 A-13 til 9 A-15 og ny § 9 A-16.

§ 10-9 overskrifta skal lyde:
§ 10-9 Politiattest og forbod mot tilsetjing.
§ 10-9 tredje ledd første punktum skal lyde:

Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, i den vidaregåande skolen eller i musikk- og kulturskolen, i skolefritidsordninga, for å gi leksehjelp eller i skoleliknande aktivitetstilbod som nemnt i første ledd.

§ 12-3 andre ledd skal lyde:

Nemnda skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer som til saman skal ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål. Det skal i alle høve nemnast opp medlemmer frå partane i arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane og etter forslag frå arbeidsgivarorganisasjonane. Alle organisasjonar som er representerte i organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa jf. § 12-1, har rett til å vere representerte i nemnda. Partane i arbeidslivet skal ha fleirtal i nemnda. Dessutan skal det nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer desse. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om forslag til medlemmer i nemnda.

Ny § 13-7 b skal lyde:
§ 13-7 b Plikt for kommunen til å tilby leirskoleopphald eller annan skoletur

Kommunen skal som ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng.

§ 15-2 andre ledd skal lyde:

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak og spesialundervisning i den vidaregåande opplæringa, enkeltvedtak om opplæring i inntil to år ekstra etter § 3-1 femte ledd, enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter § 3-12, enkeltvedtak om fysiske miljøforhold etter § 9 A-7 og enkeltvedtak om skolebyte etter § 9 A-12.

II

I lov 6. desember 2002 nr. 72 om folkehøyskoler skal § 6 lyde:

§ 6 Politiattest og forbud mot ansettelse

Den som skal ansettes fast eller midlertidig ved en folkehøyskole, skal legge fram politiattest som nevnt i politiregisterloven § 39 første ledd. Personer som er dømt for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikke ansettes fast eller midlertidig i slike skoler. I andre tilfelle må konsekvensene av merknader på politiattesten vurderes konkret.

III

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar blir desse endringane gjorde:

§ 2-4 andre ledd skal lyde:

Opplæringslova kapittel 9 A om elevane sitt skolemiljø gjeld også for skolar godkjende etter lova her, med unntak av §§ 9 A-10 og 9 A-11. I saker om skolebyte etter § 9 A-12 er det heimkommunen eller heimfylket som gjer vedtak. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter § 9 A-7 om det fysiske skolemiljøet og enkeltvedtak etter § 9 A-12 om skolebyte.

§ 3-3 første ledd andre til sjette punktum blir oppheva.
§ 4-3 overskrifta skal lyde:
§ 4-3 Politiattest og forbod mot tilsetjing.
§ 4-3 tredje ledd første punktum skal lyde:

Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, i den vidaregåande skolen eller i skoleliknande aktivitetstilbod eller for å gi leksehjelp etter § 7-1 e.

IV

I lov 16. juni 2017 nr. 69 om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner blir desse endringane gjorde:

§ 2 andre ledd første punktum skal lyde:

For yrker som omfattes av lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. og lov 15. juni 2001 nr. 75 om veterinærer og annet dyrehelsepersonell, gjelder kun §§ 22 til 24.

§ 20 første ledd skal lyde:

Den ansvarlige myndigheten skal innen tre dager varsle ansvarlige myndigheter i samtlige øvrige EØS-stater om en yrkesutøver har fått begrenset retten til å utøve yrket av nasjonale myndigheter eller domstoler, både midlertidig og permanent. Dette gjelder for yrkesutøvere som utøver et lovregulert yrke med opplæring av mindreårige, herunder barnehage.

V

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan setje i kraft dei ulike føresegnene til ulik tid.