Du besøker nå de gamle nettsidene våre. Se våre nye sider her.

§ 1 Bruksområde for vedtaket Dette vedtaket gjeld utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2019 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard.

Forslaget ble vedtatt 13. desember 2018 20:28

Medium_59188f54e1a4771762cb915a3c0adcd3 Medium_a141f04407e40164068cc16f570d809d Medium_364a16a079e08496a18097c03af8d177 Medium_44d3792bbf4e251f74ba35a5c43fe979 Medium_6e29b5725c792b979baba826b024ee7b Medium_5fc0e81a20ea71bde9b6252cb47fa8b3 Medium_7da7f9f6286d579fc2c47d0588c2989d Medium_e0c367c8547faeaf1a761be938a68dcc Medium_218950e7a78ccd36ed619a867eda66e6

enstemmig vedtatt

Råtekst fra Stortinget

§ 1 Bruksområde for vedtaket

Dette vedtaket gjeld utskriving av skatt på formue og inntekt for inntektsåret 2019 etter føresegnene i lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard. Vedtaket gjeld òg som grunnlag for utskriving av forskot på skatt for inntektsåret 2019, jf. lov om skatt til Svalbard § 5-1.

§ 2 Skatt på formue

Skatt på formue blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Personleg skattepliktig og dødsbu:

    Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten og kommunane (maksimumssats).

  • b) Selskap og samanslutning som nemnt i skattelova § 2-36 andre ledd, og som ikkje er fritekne etter skattelova kapittel 2:

    Det blir nytta same satsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet for formuesskatt til staten.

§ 3 Skatt på inntekt

Skatt på inntekt blir utrekna etter desse satsane:

  • a) Inntekt som blir skattlagt ved lønnstrekk etter svalbardskattelova § 3-1:

Låg sats: 8 pst.

Høg sats: 22 pst.

  • b) 22 pst. av den delen av selskapsoverskot som er høgare enn 15 mill. kroner, og som overstig summen av

    • -10 gonger kostnadene til løn som blir skattlagt ved lønstrekk

    • -0,20 gonger skattemessig verdi av anlegg, fast eigedom og annan realkapital som er på Svalbard ved utgangen av inntektsåret.

  • c) Anna inntekt: 16 pst.

Personlege skatteytarar skal ha eit frådrag i alminneleg inntekt som er omfatta av c. på 20 000 kroner.

§ 4 Avrundingsreglar

Ved utrekning av skatt skal formue og inntekt avrundast nedover til næraste heile krone.

§ 5 Normalrentesatsen for rimeleg lån i arbeidsforhold

Normalrentesatsen som nemnd i skattelova § 5-12 fjerde ledd, jf. svalbardskattelova §§ 3-1 og 3-2, skal vere den same som Stortinget har vedteke skal gjelde på det norske fastlandet.

§ 6 Aksjonær i utlandet

Skatt på utbytte m.v. etter skattelova § 10-13, jf. svalbardskattelova § 3-2, er fastsett til 20 pst.

§ 7 Inntekt etter svalbardskattelova § 6-3

For inntekt som blir skattlagt etter svalbardskattelova § 6-3, skal satsen vere 8 pst.