Du besøker nå de gamle nettsidene våre. Se våre nye sider her.

Om endringar i opplæringslova, friskolelova og folkehøyskoleloven (plikt til å tilby intensiv opplæring og plikt til fleirfagleg samarbeid m.m.) I I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgjande endringar.

Forslaget ble vedtatt 24. mai 2018 19:36

Medium_a141f04407e40164068cc16f570d809d Medium_364a16a079e08496a18097c03af8d177 Medium_44d3792bbf4e251f74ba35a5c43fe979 Medium_218950e7a78ccd36ed619a867eda66e6

stemte for

Medium_59188f54e1a4771762cb915a3c0adcd3 Medium_6e29b5725c792b979baba826b024ee7b Medium_5fc0e81a20ea71bde9b6252cb47fa8b3 Medium_7da7f9f6286d579fc2c47d0588c2989d Medium_e0c367c8547faeaf1a761be938a68dcc

stemte mot

Råtekst fra Stortinget

om endringar i opplæringslova, friskolelova og folkehøyskoleloven (plikt til å tilby intensiv opplæring og plikt til fleirfagleg samarbeid m.m.)

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgjande endringar:

§ 1-3 skal lyde:
§ 1-3. Tilpassa opplæring

Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven, lærlingen, praksisbrevkandidaten og lærekandidaten.

§ 1-4 skal lyde:
§ 1-4. Tidleg innsats på 1. til 4. trinn

På 1. til 4. årstrinn skal skolen sørgje for at elevar som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring slik at forventa progresjon blir nådd. Om omsynet til eleven sitt beste talar for det, kan den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.

Noverande § 1-4 og § 1-5 blir § 1-5 og § 1-6.

§ 2-1 tredje ledd skal lyde:

Grunnskoleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skolen, har barnet rett til å utsetje skolestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skolestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før når det innan 1. april har fylt 5 år.

§ 2-3 a sjette ledd skal lyde:

Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding som nemnt i andre ledd.

§ 3-6 første ledd skal lyde:

Fylkeskommunen skal ha ei oppfølgingsteneste for ungdom som har rett til opplæring etter § 3-1, og som ikkje er i opplæring eller i arbeid. Tenesta gjeld til og med det året dei fyller 21 år. Tenesta omfattar også ungdom som har tapt opplæringsretten etter § 4-6.

§ 4-1 skal lyde:
§ 4-1. Kven som er lærling, praksisbrevkandidat, lærekandidat og kandidat for fagbrev på jobb

Lærling er etter denne lova den som har skrive ein lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve i fag som har læretid etter forskrifter gitt med heimel i § 3-4. Praksisbrevkandidat er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på praksisbrevprøve. Lærekandidat er etter denne lova den som har skrive ein opplæringskontrakt med sikte på ei mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve. Kandidat for fagbrev på jobb er etter denne lova den som har skrive ein kontrakt om opplæring på grunnlag av allsidig praksis og realkompetanse med sikte på fag- eller sveineprøve.

Når lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar får opplæring i skole, gjeld reglane for elevar.

Departementet fastset forskrift med krav til praksis for kandidatar for fagbrev på jobb.

§ 4-2 skal lyde:
§ 4-2. Særlege rettar og plikter for lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb

Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb har rett til opplæring i samsvar med lærekontrakten, opplæringskontrakten og kontrakten om fagbrev på jobb.

Lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb er arbeidstakarar i den bedrifta dei har teikna arbeidsavtale med og er plasserte i, med dei rettane og pliktene som følgjer av lover og tariffavtalar. Der lærlingar, praksisbrevkandidater og lærekandidater har teikna både arbeidsavtale og lærekontrakt eller opplæringskontrakt med same part, kan arbeidsavtalen likevel ikkje hevast utan at kontrakten kan hevast etter § 4-5 tredje leddet og § 4-6 siste leddet.

Når læretida for lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar etter kontrakten er over, eller når kontrakten blir heva etter § 4-6, fell også arbeidsavtalen bort. Dersom lærlingen, praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten skal halde fram i bedrifta, må ein ny arbeidsavtale inngåast.

Lærlingar, praksisbrevkandidatar og lærekandidatar skal ha same tilgang på pedagogisk-psykologisk teneste som elevar i vidaregåande skole.

Lærekandidatar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter kapittel 5. For slik opplæring gjeld § 5-1, bortsett frå andre leddet siste setning, §§ 5-3, 5-4, 5-5 og 5-6 tilsvarande.

§ 4-3 første ledd skal lyde:

Bedrifter som tek på seg opplæring av ein eller fleire lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar eller kandidatar for fagbrev på jobb, må vere godkjende av fylkeskommunen. Som lærebedrift kan godkjennast private og offentlege verksemder og organ for samarbeid mellom bedrifter som i fellesskap tek på seg opplæringsansvar (opplæringskontor eller opplæringsring). Lærebedrifta må vere fagleg vurdert av yrkesopplæringsnemnda før fylkeskommunen kan godkjenne bedrifta. Fylkeskommunen skal leggje avgjerande vekt på den faglege vurderinga frå yrkesopplæringsnemnda før endeleg vedtak blir gjort.

§ 4-4 skal lyde:
§ 4-4. Rettane og pliktene til lærebedrifta m.m.

Lærebedrifta pliktar å leggje til rette produksjonen og opplæringa slik at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb kan nå måla i den fastsette læreplanen. Dersom lærekandidaten har krav på spesialundervisning etter kapittel 5, skal det utarbeidast individuell opplæringsplan, jf. § 5-5 første leddet. Lærebedrifta skal utvikle ein intern plan for opplæringa, for å sikre at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb får ei opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen, eventuelt den individuelle opplæringsplanen. I fall delar av opplæringa skal givast av andre enn lærebedrifta, skal lærebedrifta leggje til rette for dette.

Lærebedrifta skal skape eit godt arbeids- og læremiljø. Arbeids- og opplæringstida til lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten og kandidaten for fagbrev på jobb skal til saman ikkje vere lengre enn den arbeidstida som gjeld for andre arbeidstakarar i faget.

Lærebedrifta melder lærlingen og kandidaten for fagbrev på jobb til den fagprøva eller sveineprøva som blir halde nærmast den tida da læretida eller kontraktstida er ute. Lærebedrifta melder praksisbrevkandidaten til den praksisbrevprøva som blir halde nærmast den tida da læretida er ute. Lærebedrifta melder lærekandidaten til kompetanseprøva. Lærebedrifta stiller nødvendig arbeidsplass, materiale, reiskapar og assistenthjelp til rådvelde under prøva. Lærebedrifta får eigedomsretten til produktet. Dersom fagprøva, sveineprøva, praksisbrevprøva eller kompetanseprøva blir teken på ein skole og skolen dekkjer materialutgiftene, får skolen eigedomsretten til produktet av prøva.

Dersom lærebedrifta stansar eller utviklar seg på ein slik måte at ho ikkje lenger finn det mogleg å gi lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb tilfredsstillande opplæring, skal ho melde frå til fylkeskommunen.

Lærebedrifter får tilskot til opplæringa frå fylkeskommunen etter forskrifter gitt av departementet.

§ 4-5 første ledd skal lyde:

Det skal opprettast skriftleg lærekontrakt mellom lærebedrifta og lærlingen når læreforholdet tek til. Det skal opprettast skriftleg opplæringskontrakt mellom lærebedrifta og praksisbrevkandidaten eller lærekandidaten når læreforholdet tek til. Det skal opprettast skriftleg kontrakt om fagbrev på jobb mellom lærebedrifta og kandidaten for fagbrev på jobb når læreforholdet tek til. Det skal gå fram av kontrakten kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa etter den fastsette læreplanen.

§ 4-5 andre ledd skal lyde:

For å bli gyldig må kontrakten godkjennast av fylkeskommunen. Lærekontrakten og opplæringskontrakten får verknad frå den tida arbeidsforholdet tek til. Kontrakten skal vise til den eller dei arbeidsavtalane som lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb har. Departementet kan gi nærmare forskrifter om innhaldet i og forma på kontrakten.

§ 4-6 andre ledd skal lyde:

Lærekontrakten, opplæringskontrakten eller kontrakten om fagbrev på jobb kan hevast av partane dersom dei er samde om det og etter at lærebedrifta har orientert fylkeskommunen skriftleg om det. Kontrakten om fagbrev på jobb fell bort dersom arbeidskontrakten fell bort.

§ 4-6 tredje ledd skal lyde:

Etter samtykke frå fylkeskommunen kan kontrakten hevast av både lærebedrifta og av lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb dersom

  • a) den andre parten gjer seg skyldig i vesentlege brott på pliktene sine i arbeidsforholdet

  • b) ein av partane viser seg ute av stand til å halde fram i læreforholdet, eller

  • c) lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb skriftleg seier frå at det er ei urimeleg ulempe for han eller ho å halde fram ut kontrakttida

§ 4-6 femte ledd skal lyde:

Før det blir gjort vedtak om heving etter krav frå lærebedrifta, skal lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb kunne forklare seg munnleg for den som skal gjere vedtaket.

§ 4-7 skal lyde:
§ 4-7. Internkontroll i den enkelte lærebedrifta

Lærebedrifta skal ha intern kvalitetssikring, slik at lærlingen, praksisbrevkandidaten, lærekandidaten eller kandidaten for fagbrev på jobb får opplæring i samsvar med lova her og forskrifta til denne. Ein eller fleire representantar for arbeidstakarane skal saman med den eller dei faglege leiarane jamleg sjå til at lærebedrifta følgjer pliktene etter opplæringslova med forskrift.

Lærebedrifta skal årleg rapportere til fylkeskommunen om opplæringa av lærlingar, praksisbrevkandidatar, lærekandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Departementet kan gi nærmare forskrifter om rapporteringsplikta til lærebedrifta.

§ 4A-9 første ledd skal lyde:

Når ein deltakar vedvarande har vist ei framferd som i alvorleg grad går ut over orden og arbeidsro på skolen, eller når ein deltakar alvorleg forsømmer pliktene sine, kan kommunen eller fylkeskommunen vise deltakaren bort frå resten av det kurset deltakaren er teken inn på. I samband med eit vedtak om bortvising for resten av kurset kan fylkeskommunen også vedta at deltakaren skal misse retten til vidaregåande opplæring etter § 4A-3.

§ 4A-11 skal lyde:
§ 4A-11. Forsøk

§ 1-5 gjeld tilsvarande for opplæring etter dette kapitlet.

§ 4A-13 andre ledd skal lyde:

Vaksne som ikkje har eller kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning etter reglane i § 4A-2. Dette inkluderer nødvendig opplæring i å bruke alternativ og supplerande kommunikasjon.

§ 13-4 første ledd skal lyde:

Kommunen er ansvarleg for skyss av grunnskoleelevar og vaksne som har rett til skyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skoleveg. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for grunnskoleelevar og vaksne. Elles er fylkeskommunen ansvarleg for skyss, reisefølgje og tilsyn etter reglane i kapittel 7. Kommunane betaler refusjon etter persontakst for grunnskoleelevar og vaksne som blir skyssa av fylkeskommunen.

Ny § 15-8 skal lyde:
§ 15-8. Samarbeid med kommunale tenester

Skolen skal samarbeide med relevante kommunale tenester om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar.

Når det er nødvendig og forholdsmessig for å vareta ansvaret etter første ledd, kan dei samarbeidande tenestene behandle personopplysningar, inkludert særlege kategoriar av personopplysningar og opplysningar om straffbare forhold.

II

I lov 6. desember 2002 nr. 72 om folkehøyskoler blir følgjande endring gjord:

Ny § 1 a skal lyde:
§ 1 a Lovens anvendelse for Svalbard

Loven gjelder for Svalbard.

III

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar blir desse endringane gjorde:

§ 2-3 andre ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om krav til læreplanen, vurdering av elevar, klage på vurdering, eksamen og dokumentasjon. Departementet gir forskrift om aktivitetar i grunnskolen som ikkje er opplæring i fag. Departementet kan også gi forskrift om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar som får særleg språkopplæring, om godskriving av tidlegare gjennomgått vidaregåande opplæring eller praksis, og om fritak for den praktiske delen av kompetansemåla i faget kroppsøving i den vidaregåande skolen.

§ 3-4a skal lyde:
§ 3-4a. Tilpassa opplæring

Opplæringa skal tilpassast evnene og føresetnadene hjå den enkelte eleven.

Ny § 3-4b skal lyde:
§ 3-4b. Tidleg innsats på 1. til 4. trinn

På 1. til 4. årstrinn skal skolen sørgje for at elevar som står i fare for å bli hengande etter i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring slik at forventa progresjon blir nådd. Om omsynet til eleven sitt beste talar for det, kan den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.

Ny § 3-6 b skal lyde:
§ 3-6 b. Samarbeid med kommunale tenester

Skolen skal samarbeide med relevante kommunale tenester om vurdering og oppfølging av barn og unge med helsemessige, personlege, sosiale eller emosjonelle vanskar.

Når det er nødvendig og forholdsmessig for å vareta ansvaret etter første ledd, kan dei samarbeidande tenestene behandle personopplysningar, inkludert særlege kategoriar av personopplysningar og opplysningar om straffbare forhold.

IV

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.