Du besøker nå de gamle nettsidene våre. Se våre nye sider her.

Om endringar i opplæringslova (oppstart av grunnskoleopplæring og rett til vidaregåande opplæring) I I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgjande endringar.

Forslaget ble vedtatt 22. mai 2017 14:26

Medium_59188f54e1a4771762cb915a3c0adcd3 Medium_a141f04407e40164068cc16f570d809d Medium_364a16a079e08496a18097c03af8d177 Medium_44d3792bbf4e251f74ba35a5c43fe979 Medium_6e29b5725c792b979baba826b024ee7b Medium_7da7f9f6286d579fc2c47d0588c2989d Medium_e0c367c8547faeaf1a761be938a68dcc Medium_218950e7a78ccd36ed619a867eda66e6

enstemmig vedtatt

Råtekst fra Stortinget

om endringar i opplæringslova (oppstart av grunnskoleopplæring og rett til vidaregåande opplæring)

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir det gjort følgjande endringar:

§ 2-1 andre ledd skal lyde:

Retten til grunnskoleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barnet skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan éin månad. Plikta til grunnskoleopplæring byrjar når opphaldet har vart i tre månader. Plikta fell bort dersom eit opphald utanfor Noreg varer i meir enn tre månader. Departementet kan i særlege tilfelle frita elevar frå denne plikta.

§ 3-1 første ledd skal lyde:

Ungdom som har fullført grunnskolen eller tilsvarande opplæring, har etter søknad rett til tre års heiltids vidaregåande opplæring. Dette gjeld òg dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg. I fag der læreplanen føreset lengre opplæringstid enn tre år, har ungdommen rett til opplæring i samsvar med den opplæringstida som er fastsett i læreplanen. Ungdom som har fylt 15 år, søkjer sjølv om inntak til den vidaregåande opplæringa.

§ 3-1 tredje og fjerde ledd skal lyde:

Retten til vidaregåande opplæring gjeld ut det skoleåret som tek til det året ein fyller 24 år.

Elevar har rett til å gjere eitt omval, og får då rett til utvida tid så dei kan fullføre opplæringa.

§ 3-1 tiande ledd nytt andre punktum skal lyde:

Dei som har rett til vidaregåande opplæring etter første ledd andre punktum, har etter søknad rett til å få vidaregåande opplæring etter § 4A-3 i staden.

§ 3-1 ellevte ledd siste punktum blir oppheva.
§ 4A-3 første ledd skal lyde:

Dei som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring for vaksne frå og med det året dei fyller 25 år. Dei som har fullført vidaregåande opplæring i eit anna land, men som ikkje får godkjent opplæringa som studiekompetanse eller yrkeskompetanse i Noreg, har òg rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Opplæringa for vaksne skal tilpassast behovet til den enkelte. Retten kan oppfyllast mellom anna ved fjernundervisningstilbod. Departementet gir nærmare forskrifter, mellom anna om kven retten omfattar, om inntak, rangering og førerett.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.