Du besøker nå de gamle nettsidene våre. Se våre nye sider her.

Om endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte) I I lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte blir det gjort følgjande endringar.

Forslaget ble vedtatt 9. juni 2015 18:36

Medium_59188f54e1a4771762cb915a3c0adcd3 Medium_a141f04407e40164068cc16f570d809d Medium_364a16a079e08496a18097c03af8d177 Medium_44d3792bbf4e251f74ba35a5c43fe979 Medium_6e29b5725c792b979baba826b024ee7b Medium_7da7f9f6286d579fc2c47d0588c2989d Medium_e0c367c8547faeaf1a761be938a68dcc Medium_218950e7a78ccd36ed619a867eda66e6

enstemmig vedtatt

Råtekst fra Stortinget

om endringar i bustøttelova (skjerpa kontroll med bustøtte)

I

I lov 24. august 2012 nr. 64 om bustøtte blir det gjort følgjande endringar:

Overskrifta i § 8 skal lyde:

§ 8 Innhenting og handsaming av personopplysningar

§ 8 første ledd skal lyde:

Husbanken og kommunane kan utan hinder av teieplikt påleggje offentlege styresmakter, långjevarar, utleigarar, burettslag, eigarseksjonssameige og postoperatør å gje opplysningar som er nødvendige for å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er oppfylte eller har vore oppfylte i tilbakelagde periodar. Husbanken og kommunane kan hente inn slike opplysningar direkte frå instansane som er nemnde i første punktum, og nytte dei i sakshandsaminga utan samtykke frå den det gjeld. Den som blir pålagd å gje opplysningar i medhald av paragrafen her, kan ikkje krevje godtgjering. Personopplysningsloven § 20 om informasjonsplikt gjeld. Reglane om bevisfritak i tvisteloven §§ 22-8 og 22-9 gjeld tilsvarande.

§ 8 andre ledd blir oppheva. Noverande tredje ledd blir andre ledd.

Ny § 8 a skal lyde:

§ 8 a Masseinnhenting av opplysningar for kontrollføremål

Husbanken kan utan hinder av teieplikt hente inn registrerte opplysningar om ei større mengd namngjevne mottakarar av bustøtte for elektronisk samanlikning med opplysningar i eit anna register (masseinnhenting). Opplysningar om husstandsmedlemmene til mottakarane kan hentast inn på same måte. Husbanken kan òg hente inn opplysningar om bustader og kven som bur eller har budd i bustader som er del av ei sak om bustøtte. Føremålet med innhentinga må vere å kontrollere om vilkåra for å få bustøtte er eller har vore oppfylte.

Masseinnhenting kan skje frå register hos andre offentlege styresmakter, postoperatør eller frå Husbanken og kommunane sine eigne register.

Masseinnhenting kan gjelde opplysningar om inntekt eller andre økonomiske forhold, yrke (student/arbeidsledig/vernepliktig), bustad eller adresse, lovleg tilgang til opphald i riket og kven mottakaren bur saman med. Opplysningar som er rekna som sensitive etter personopplysningsloven § 2 nr. 8, kan ikkje masseinnhentast.

Departementet kan i forskrift gje utfyllande reglar om gjennomføringa av masseinnhenting. Departementet kan også i forskrift gje reglar om at masseinnhentinga skal kunne omfatte andre opplysningar enn dei som er nemnde i tredje ledd, dersom opplysningane er av tilsvarande art og ikkje fører til vesentlege personvernkrenkingar. Det kan også fastsetjast i forskrift kva register opplysningar kan hentast inn frå.

Ny § 8 b skal lyde:

§ 8 b Gjennomføring av masseinnhenting

Masseinnhenting skal gjerast av ei særskilt utpeika eining. Eininga kan hente inn, registrere, samanstille og lagre opplysningar så langt det er nødvendig for å avgjere om bustøtte blir eller har blitt utbetalt i strid med vilkåra for å ta imot støtte.

Opplysningar om den enkelte mottakaren av bustøtte kan vidareformidlast med sikte på å korrigere eller stanse feilaktige utbetalingar, krevje tilbakebetaling av for mykje utbetalt beløp, og straffeforfølging. Elles kan vidareformidling skje når dette følgjer av lov eller reglar gjevne i medhald av lov.

Opplysningar som er henta inn ved masseinnhenting, skal slettast så snart omsynet til kontroll og oppfølging tillèt det.

Masseinnhentinga skal gjennomførast slik at opplysningar som ikkje verkar inn på retten til bustøtte, ikkje blir omfatta eller utleverte. Innhentinga skal heller ikkje føre til at det blir utlevert opplysningar om andre personar enn dei som kontrollen gjev grunn til å følgje opp. Dersom slike opplysningar likevel skulle bli utleverte, skal dei slettast omgåande.

Offentlege styresmakter eller postoperatør skal leggje til rette for at opplysningane dei har, på førespurnad blir gjorde elektronisk tilgjengelege for særskilt utpeika einingar i Husbanken. Det kan ikkje krevjast godtgjering for slik tilgjengeleggjering og utlevering av opplysningar.

Den som blir pålagd å gje opplysningar i medhald av paragrafen her, pliktar å gjere dette utan godtgjering.

Personopplysningsloven § 20 om informasjonsplikt gjeld.

Ny § 8 c skal lyde:

§ 8 c Innhenting av opplysningar frå tredjeperson

Kommunen, Husbanken eller særskilt utpeika einingar kan påleggje alle som kan ha informasjon som er eigna til å belyse saka, å gje opplysningar som er nødvendige for å avdekkje eller avgrense urettmessig utbetaling av bustøtte. Vilkåret er at det ligg føre ein rimeleg grunn til mistanke om at det er skjedd eller vil skje urettmessig utbetaling av bustøtte. Opplysningar kan krevjast også om andre enn mottakaren av bustøtte.

Reglane om informasjonsplikt i personopplysningsloven § 20 gjeld for opplysningar som er henta inn etter paragrafen her, men den registrerte har først krav på informasjon når kontrollen er ferdig utført. Den som blir pålagd å gje opplysningar eller innsyn i dokument m.m. i medhald av paragrafen her, skal gjere det utan hinder av teieplikt. Helseopplysningar som ligg under teieplikt i helsepersonelloven, kan ikkje hentast inn etter denne føresegna. Den som blir pålagd å gje opplysningar eller innsyn i dokument, pliktar å gjere dette utan godtgjering. Reglane om bevisfritak i tvisteloven §§ 22-8 og 22-9 gjeld tilsvarande.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset.