Holder de ord legges ned i løpet av 2020.

Om endringar i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (innsamling av digitale dokument m.m.) I I lov 9. juni 1989 nr. 32 om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument skal desse endringane gjerast:Tittelen på lova skal lyde:Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument ( pliktavleveringslova ) § 3 andre strekpunkt skal lyde.

Forslaget ble vedtatt 9. juni 2015 18:45

Medium_59188f54e1a4771762cb915a3c0adcd3 Medium_a141f04407e40164068cc16f570d809d Medium_364a16a079e08496a18097c03af8d177 Medium_44d3792bbf4e251f74ba35a5c43fe979 Medium_6e29b5725c792b979baba826b024ee7b Medium_7da7f9f6286d579fc2c47d0588c2989d Medium_e0c367c8547faeaf1a761be938a68dcc Medium_218950e7a78ccd36ed619a867eda66e6

enstemmig vedtatt

Råtekst fra Stortinget

om endringar i lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (innsamling av digitale dokument m.m.)

I

I lov 9. juni 1989 nr. 32 om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument skal desse endringane gjerast:Tittelen på lova skal lyde:Lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument (pliktavleveringslova)

§ 3 andre strekpunkt skal lyde:

Dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium for seinare lesing, lyding, framsyning, overføring eller liknande.

§ 4 første ledd skal lyde:

Både fysiske og digitale dokument som er gjorde tilgjengelege for allmenta skal avleverast i inntil sju eksemplar. Digitale grunnlagsdokument kan krevjast avleverte i tillegg til utgjevingsmedium.

§ 4 tredje ledd skal lyde:

Kongen kan gjera unnatak frå eller avgrensa avleveringsplikta og gje særskilde føresegner om talet på eksemplar, kva form eller kvalitet avleveringseksemplar skal ha, og om kva opplysningar som skal følgja dokumentet.

Ny § 4 a skal lyde:

§ 4 a Innsamling av digitale dokument

Norsk materiale som vert gjort allment tilgjengeleg gjennom elektronisk kommunikasjonsnett, kan samlast inn.

Digitale dokument som er verna med passord, skal ikkje samlast inn eller avleverast. Unnataket er dei tilfella der det passordverna dokumentet ville ha vore omfatta av avleveringsplikt om det vart utgjeve i eit anna format. Passordverna dokument som ikkje er omfatta av avleveringsplikta, og som inneheld personopplysningar, kan samlast inn eller avleverast dersom den personopplysningane gjeld, har gjeve eit uttrykkjeleg og informert samtykke.

Når det er naudsynt for å gjennomføra digital innsamling, kan det framstillast nye eksemplar uavhengig av åndsverklova.

Ny § 4 b skal lyde:

§ 4 b Handsaming av personopplysningar i det digitale nettarkivet

Informasjon som er lagra i nettarkivet, skal som hovudregel ikkje slettast. Personar kan knyta merknader til personopplysningar om dei sjølve som er lagra i nettarkivet.

Eit digitalt dokument som er lagra i det digitale nettarkivet og som inneheld personopplysningar, kan krevjast klausulert eller sletta dersom informasjonen er gjord allment tilgjengeleg ved ein feil.

Eit digitalt dokument som er lagra i det digitale nettarkivet, som er utgjeve utan ansvarleg redaktør, og som inneheld personopplysningar, kan likevel krevjast klausulert eller sletta dersom eitt eller fleire av vilkåra nedanfor er oppfylte:

a) Informasjonen ikkje har vore spreidd utanfor ein lukka krins, og informasjonen aldri var meint å verta gjord allment tilgjengeleg.

b) Informasjonen er lagt ut av ein tredjeperson utan samtykke, og den omtalte sjølv ikkje har gjort informasjonen allment kjend.

c) Det vil vera til vesentleg ulempe for den opplysningane gjeld, at informasjonen blir oppbevart til forskingsføremål.

Informasjon som ikkje er allment kjend, og som omhandlar mindreårige eller personar som er sette under verjemål, skal på førespurnad klausulerast eller slettast.

Avslag på ein søknad om klausulering eller sletting kan påklagast til ei særskild nemnd. Kongen gjev føresegner om ei slik nemnd.

Ny § 4 c skal lyde:

§ 4 c Tilgang til det digitale nettarkivet

Det digitale nettarkivet kan nyttast til forsking og dokumentasjon.

Digitale dokument i nettarkivet som er utgjevne utan ansvarleg redaktør, og som inneheld personopplysningar som ikkje er allment kjende, skal etter søknad berre gjerast tilgjengelege for forskarar på særskilde terminalar hos Nasjonalbiblioteket.

Klausulerte digitale dokument i nettarkivet kan berre gjerast tilgjengelege etter særskild avtale.

Kongen gjev føresegner om tilgang til det digitale nettarkivet. Føresegnene i åndsverklova gjeld for tilgang til materiale som er verna med opphavsrett.

§ 5 første ledd skal lyde:

Avleveringsplikt kan påleggjast utgjevar, produsent og importør av dokument som vert gjort tilgjengeleg for allmenta.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.